Rom og utstyr
Utvida bibliotektilbod
Det er mogleg å nytta seg av biblioteket mellom kl. 08.00-22.00 kvar dag!
I dag blir det meir og meir vanleg at bibliotek tilbyr tilgong utanom betent opningstid. Dette bidrar til at fleire kan få nytta biblioteket, når det passar dei sjølve. Det kan du òg på Bokn bibliotek, så snart du har skrive under på ein kontrakt.
Underskriven kontrakt gjev deg over 18 år tilgong til Bokn bibliotek frå kl. 08.00-22.00 kvar dag heile veka, til og med laurdag og sundag. Du får utdelt ei nøkkelbrikke med personleg kode etter at kontrakten er signert.
For å bruka utlånsautomaten må du ha nasjonalt lånekort, anten fysisk eller via Biblioteket-appen. Lånekort kan du skaffa deg her.
Kontrakt med reglar finn du her:
Kontrakt for bruk av eit utvida bibliotektilbod - Bokn kommune